Heimdal inneheld 14 leilegheiter. Desse har frå eitt til tre soverom, og er komplette bueiningar med soverom, bad, kjøkken og stoge. Her er det mogleg til å finne ei leilegheit som passar. Sjå på Boligveljar for informasjon om kvar enkelt leilegheit.
2 gjesterom med bad
Når du bur på Heimdal kan du i tillegg til dine eigne soverom i di leilegheit nytte 2 gjesterom med et eige bad.
Desse romma ligg sentralt midt i fellesarealet i Heimdal. Når slektningar og vener vil besøke deg så er det plass. Dei to jesteromma kan nyttast. Det er andelseigarane saman som vedtek korleis desse to romma blir disponert best mogleg.
Felles stoge og kjøkken
Kvar einskild leilegheit er komplett med soverom, stoge og kjøkken. I tillegg er det eit romsleg felles kjøkken med tilhøyrande stoge. Dette er eit felles areal som alle andelseigarane fritt kan bruke. Her kan det skapast hyggelege samlingar.
Snekkerbu
Må ein slutte å være kreativ når ein bur på Heimdal? Nei! Heimdal legg til rette for at du kan ha aktive fritidssyssel. Ei snekkarbu/hobbyrom på 20 m2 er på plass i underetasjen. Her er det ikkje berre snikring som kan utførast.
Carport, Sykkelparkering og Sportsbu
På Heimdal er det god plass syklar i underetasjen. Her står sykkelen din tørt og sikkert. I tillegg har kvar leilegheit ei eiga låsbar sportsbu på om lag 6 m2. Her kan du lagre det du vil ha av utstyr på ein sikker måte.
Det er eit felles carportanlegg der kvar andelseigar har plass til sin bil.
Visninger
Kontakt oss
Interessert i leilegheit?
Kontakt oss for meir